På grunn av teknisk vedlikehald vil Dine sider, nettsøknadene og dei andre innlogga tenestene våre vere utilgjengelege frå klokka 08:00 onsdag 25. april og til morgonen torsdag 26. Vi er leie for ulempene det fører med seg.
Kor lang er behandlingstida no?
Behandlingstid på søknadar
Dei fleste søknadar om utdanningsstøtte blir behandla automatisk og du får svar i løpet av ein vyrkedag. Nokre søknadar må sjåast på av ein saksbehandlar og blir lagt i ein behandlingskø. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.
Behandlingstid når vi treng meir dokumentasjon frå deg
Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon, tek vi behandlinga av søknaden din opp igjen, og du vil få svar etter cirka ei veke.
Behandlingstid når du har sendt oss dokumentasjon vi ikkje har etterspurt
Har du sendt inn dokumentasjon vi ikkje har etterspurt, er behandlingstiden frå 10 til 14 veker. Eksempel på slik dokumentasjon kan vere
- nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om utdanningsstøtte
- søknad om foreldrestipend
- søknad om ekstrastipend
I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg. Vi beklager at behandlingstida er lang no. Vi gjer alt vi kan for at du skal få svar så fort som mogeleg.
Behandlingstid på klagar
Venta behandlingstid på klagar er for tida 4-5 veker. Dersom du har ein klage som skal vurderast i klagenemda, finn du møtedatoar og informasjon her.
Svartid på e-post
For tida svarer vi på e-post du har sendt oss innan 5 dagar.