Personvernombodet

Sist oppdatert: 03.05.2018
Som kunde har du rett til å få vite kva personopplysningar Lånekassen har registrert om deg. Ønskjer du innsyn, må du be om det skriftleg. Dersom Lånekassen har registrert urette eller mangelfulle opplysningar, har du krav på at dei blir retta.

Lånekassen er avhengig av opplysningar om deg for å vareta kundeinteressene dine og behandle søknaden din korrekt. Vi får opplysningar frå deg og direkte frå andre som Lånekassen har heimel for å innhente informasjon frå  (som skatteetaten, folkeregisteret, lærestader). Informasjonen vi  får, blir berre brukt til dei formåla vi opplyser om.

Lagring av informasjon

Lånekassen sitt behov for kundeopplysningar er knytt til tre hovudområde; tildeling av stipend og lån, tilbakebetaling av lån og innkrevjing av misleghaldne lån. Lånekassen lagrar personinformasjon så lenge det er nødvendig for å vareta kundeforholdet ditt. Vi pliktar også å  følgje aktuelle lover/forskrifter og vareta samfunnsmessige interesser.

Personopplysningar kan oppbevarast til historiske, vitskaplege og statistiske formål sjølv om dei ikkje lenger er nødvendige etter det opphavlege formålet sitt. Føresetnaden er at interessa til samfunnet for lagring av personopplysningar klart overstig dei ulempene dette kan  føre til for deg som kunde.

Personvernombod i Lånekassen

Lånekassen har eit personvernombod som varetek personverninteressene både til kundane i Lånekassen og dei tilsette i verksemda. Ordninga er tilrettelagd og administrert av Datatilsynet. Personvernombodet kan gi råd og rettleiing dersom du har generelle spørsmål om Lånekassen si behandling av personopplysningar, eller om vern av dei  opplysningane vi har registrert om deg.

Personvernombodet i Lånekassen er Vigdis Bakkelund. Hun kan nåast på eller per post:

Personvernombodet
Lånekassen
Postboks 191
Økern
0510 Oslo                                                                   

Av omsyn til personvernet ditt skal du ikkje sende sensitiv informasjon på e-post, som for eksempel opplysningar om helsa di.

Svar på spørsmål

Dersom du vender deg til Lånekassen med spørsmål om dette saksfeltet,  har du krav på svar innan 30 dagar frå den dagen spørsmålet kom inn. Du kan krevje skriftleg svar. Dersom særlege forhold gjer det uråd  for Lånekassen å gi eit  godt nok svar innan fristen, vil du  få eit førebels svar med opplysningar om årsaka til forseinkinga og tidspunktet du kan vente svar.