25 000 nordmenn studerer i utlandet

Sist oppdatert: 10.09.2018
Ferske tal frå Lånekassen viser at 24 947 nordmenn studerte i utlandet forrige undervisningsår. Dette er litt fleire enn året før. Færre tek heile graden i utlandet, medan fleire tek delstudium.

Totalt 24 947 nordmenn fikk støtte frå Lånekassen til utdanning utanfor Noregs grenser i undervisningsåret 2017–2018. Dette er 133 fleire enn året før.  

Chris Eidsaunet, fagansvarleg for saksbehandling i Lånekassen, seier dette om utviklinga dei siste åra: 

– Etter å ha sett ei jamn stigning i talet på norske studentar i utlandet dei siste ti åra, opplevde vi ein nedgang i 2016–2017. No ser vi igjen ein liten auke.  

Rekordmange tek ein del av utdanninga i utlandet 

Talet på norske gradsstudentar i utlandet går litt ned frå året før, medan det aldri før har vore så mange norske delstudentar i utlandet: 
16 635 norske studentar fekk støtte frå Lånekassen til gradsutdanning i fjor. Dette er  322 færre enn året før.  

8 312 nordmenn fekk støtte til delstudium, som er 455 fleire enn året før. 
Andelen av den totale norske studentmassen som studerer i utlandet, har halde seg stabil på rundt 13 prosent dei siste åra, men med ein liten nedgang sidan 2016. I fjor var andelen  12,6 prosent.

Statsråden ønskjer at fleire reiser ut

Forskings- og høgare utdanningsminister selin Nybø er fornøgd med at stadig fleire studentar tek delstudium i utlandet, men ønskjer at enda fleire reiser ut.  

– Det er positivt at det er ein auke i talet på studentar som tek ein del av utdanninga si i utlandet. Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for den globale kunnskapsutviklinga og for å sikre kvalitet i norsk høgare utdanning. Vi ønskjer at enda fleire skal reise ut, og derfor har vi starta arbeidet med ei stortingsmelding om studentmobilitet. Vi treng ein grundig gjennomgang for å finne ut kva som kan bli gjort for at fleire skal ta delar av eller heile utdanninga si i utlandet, seier Nybø. 

ANSA positive 

– Talet på utanlandsstudentar har gått noko opp frå i fjor, men vi har sett ei negativ utvikling i andelen utanlandsstudentar samanlikna med studentar i Noreg dei siste åra. Vi ser på det som positivt at nedgangen no begynner å flate ut, men det er likevel for få som vel å nytte seg av moglegheitene utanlandsstudium tilbyr, og vi jobbar aktivt for å endre dette. Oppgangen av delgradsstudentar ser vi veldig positivt på, og vi håper det er ein trend som har kome for å bli, seier  Flood.  

Kina, Japan og India stadig meir populært for delstudentar

Dei mest populære landa for norske studentar er framleis Storbritannia, USA, Danmark og Australia, men alle dei største landa opplever ein liten nedgang. Spania og Nederland opplever derimot ein auke i talet for både grads- og delstudentar.  

– Mellom delstudentane ser vi ein klar oppgang i Italia og Nederland, og at asiatiske land som Kina, Japan og India blir stadig meir populære, seier Eidsaunet.  

– Tala viser også ei interessant utvikling i mellom anna Tyskland, fordi fleire gradsstudentar vil studere i Tyskland, men færre delstudentar.  
Dei mest populære faga for norske gradsstudentar i utlandet er helse- og sosialfag, økonomiske og administrative fag, og samfunnsfag og jus.