Åtte av ti studentar får lån gjort om til stipend

Sist oppdatert: 29.11.2017
I desse dagar får studentar over heile landet brev frå Lånekassen med melding om kor mykje av studielånet som er omgjort til stipend. Åtte av ti studentar får omgjering.

Basisstøtta til studentar blir gitt som lån, men inntil 40 prosent av beløpet kan bli gjort om til utdanningsstipend ved fullført utdanning. Det er berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, som kan få omgjering til utdanningsstipend. I tillegg blir det kravd bestått eksamen og inntekt og formue under fastsette beløpsgrenser.

Får brevet elektronisk på lanekassen.no

Over 270 000 brev er no på veg til kundane sine digitale postkassar på Dine sider på lanekassen.no.

– Studentane får no omgjering for utdanning bestått i 2016 eller tidlegare. Vi kontrollerer samtidig inntekta og formuen for 2016. På grunnlag av dette får studentane eit brev som fortel kor mykje lån dei har fått omgjort til utdanningsstipend. Vi anslår at åtte av ti studentar får omgjering til utdanningsstipend, og dei aller fleste av desse får full omgjering, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

For kalenderåret 2016 utgjer fullt utdanningsstipend 40 974 kroner.

6 milliardar kroner i utdanningsstipend

Lånekassen tildelte i undervisningsåret 2016–2017 totalt 27,9 milliardar kroner i støtte, av dette var 24,2 milliardar kroner lån og resten stipend. Det er venta at cirka 6 milliardar kroner av dette lånebeløpet blir gjort om til utdanningsstipend.  

Samtidig som mange får beskjed om at dei no får lån gjort om til stipend, får somme beskjed om det motsette; at dei får stipend gjort om til lån. Dette gjeld studentar som har fått forsørgjarstipend (fordi dei har omsorg for barn) og ekstrastipend (ved nedsett funksjonsevne), og som har hatt inntekt/formue over beløpsgrensene. Begge desse støtteformene blir gitt som stipend i utgangspunktet, men blir heilt eller delvis gjorde om til lån når inntekta/formuen er høgare enn beløpsgrensene.

Fakta om omgjering frå lån til stipend

  • Basisstøtta til studentar blir utbetalt som lån, men inntil 40 prosent av beløpet kan bli gjort om til stipend etter bestått eksamen / fullført utdanning, dersom inntekta og formuen har vore lågare enn dei fastsette beløpsgrensene. Det er berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine under utdanninga, som kan ha rett til utdanningsstipend.
  • Omgjering frå lån til utdanningsstipend skjer først etter at Lånekassen har fått opplysningar om inntekt og formue frå skatteetaten. Omgjeringa skjer automatisk, bortsett frå for studentar i utlandet, som må sende inn eksamensresultata sjølve.
  • Studentar som fullfører meir utdanning enn normert, eller tek utdanning utan støtte frå Lånekassen, kan få omgjering for tidlegare periodar som dei ikkje har fått fullt utdanningsstipend for. Dei kan få omgjering for inntil fire år tilbake i tid.
  • Lånekassen tildelte 27,9 milliardar kroner i stipend og lån i undervisningsåret 2016–2017, av dette var 3,7 milliardar kroner stipend og 24,2 milliardar kroner lån. Av det utbetalte lånebeløpet reknar vi med at cirka 6 milliardar kroner vil bli gjort om til utdanningsstipend.

Les meir om omgjering frå lån til stipend og sjå film her.