Få bind studielånsrenta trass i historiske renter

Sist oppdatert: 16.10.2019
Forskjellen mellom den flytande renta og fastrentene i Lånekassen har aldri vore mindre. Dette får likevel ikkje mange til å binde renta på studielån.

Frå 1. november blir rentene i Lånekassen historiske: Aldri før har differansen mellom flytande rente og dei tre fastrentene vore så liten.  

Dette gjer likevel ikkje at Lånekassen sine tilbakebetalarar bind renta i stor skala. Onsdag morgon har knappe 380 Lånekassekundar vald å søkje om fastrente til tilbodet som gjeld frå 1. november. Dei fleste av desse har søkt om ti års fastrente. Fristen for å binde går ut natt til fredag denneveka.

Dette gjer likevel ikkje at Lånekassen sine tilbakebetalarar bind renta i stor skala. Onsdag morgon har knappe 380 Lånekassekundar vald å søkje om fastrente til tilbodet som gjeld frå 1. november. Dei fleste av desse har søkt om ti års fastrente. Fristen for å binde går ut natt til fredag denne veka. 

Minimal differanse

Fastrentene som gjeld frå 1. november er 2,482 prosent for tre års bindingstid, 2,579 prosent for fem år og 2,570 prosent for ti år. Flytande studielånsrente er 2,472 frå 1. november. Lite skil dei ulike rentene.

– Det er elleve år sidan vi innførte fire rentealternativ for studielån i Lånekassen. Dette er det jamnaste nivået mellom flytande rente og fastrentene vi har sett så langt, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen. 

Fram til sommaren 1999 var det berre mogleg å ha flytande rente på studielånet. Frå juli 1999 kunne kundane binde renta for tre år. Frå juli 2002 blei dette utvida slik at kundane også kunne velje å binde renta for fem år, og frå januar 2008 blei det mogleg å velje ti års fastrente i Lånekassen.

Forskjellen mellom flytande rente og fastrentene med tre, fem og ti års bindingstid blir no på høvesvis 0,010, 0,107 og 0,098 prosentpoeng.  

Alle fastrentene søkk 

Årsaka til utjamninga er at alle fastrentene søkk, medan flytande rente går noko opp. Tre, fem og ti års fastrente går ned med høvesvis 0,039, 0,117 og 0,419 prosentpoeng samanlikna med i dag.

– Det er verd å merkje seg at tiårsrenta blir lågare enn femårsrenta, som er første gong det skjer. I tillegg går tiårsrenta ned med over 0,4 prosentpoeng – det er lenge sidan vi har hatt ein så stor nedgang på tiårsrenta, seier Funnemark.  

Binde eller ikkje?

Kunder som ønskjer å binde renta frå 1. november, kan gjere det i perioden 10. til 17. oktober på Dine sider på lanekassen.no.

– Om ein skal binde renta eller ikkje, er eit val den enkelte må ta. Er du i ein livssituasjon der økonomisk føreseielegheit er viktig, kan det å binde renta vere trygt, seier Funnemark.

– Det er sjølvsagt gledeleg å kunne tilby lån til utdanning med låge renter. Det er likevel greitt å minne om at lånet skal tilbakebetalast – vi er oppteken av at kundane skal ha bevisstheit rundt både noverande og framtidig økonomi, seier Funnemark

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, får automatisk flytande rente.

Fakta om studielånsrentene

  • Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Dette gjennomsnittet blir kalla basisrenta. Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng. Dette basisgrunnlaget gjeld både fast og flytande rente.  
  • Både flytande og fast rente på studielånet blir fastsett annankvar månad. 
  • 616 900 av tilbakebetalarane i Lånekassen har i dag flytande rente på studielånet sitt, medan 47 400 har fast rente.
  • Les meir om hvordan renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.