Fastrentene i Lånekassen fell

Sist oppdatert: 10.10.2017
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. november vere 2,178 prosent for tre års bindingstid, 2,442 prosent for fem år og 2,998 prosent for ti år.

Den flytande renta på studielånet vil vere 2,168 prosent frå 1. november.

– Tre års og ti års fastrente fell med 0,05 prosentpoeng, medan femårsrenta fell med 0,03 prosentpoeng, fortel Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan binde mellom 10.–17. oktober

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. november, kan gjere det i perioden 10.–17. oktober. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

558 300 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 63 200 har fastrente. Men ikkje alle med flytande rente kan binde renta.

– Kundar som har igjen mindre enn tre års nedbetalingstid, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegere fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta, påpeikar Herstad.

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fastrente, får automatisk flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Rentene blir i dag fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.

Følg renteutviklinga og les meir om fastsetjinga av renta i Lånekassen.