Fastrentene i Lånekassen stig

Sist oppdatert: 10.10.2018
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. november vere 2,345 prosent for tre års bindingstid, 2,687 prosent for fem år og 3,164 prosent for ti år.

Satsane for tre og ti års fastrente går opp med 0,04 prosentpoeng samanlikna med dagens satsar, medan femårsrenta stig med 0,03 prosentpoeng.

– Vi ser at fastrentene igjen stig litt. Frå 1. november vil fastrentene vere markant høgare enn den flytande renta, som er på 2,002 prosent i november og desember, seier Magnus Andersen, seniorrådgivar i Lånekassen.

– Gjennom det siste året har vi sett ein stadig aukande forskjell mellom den flytande renta og fastrentene i favør av den flytande renta.

Kan binde mellom 10. oktober og 17. oktober

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. november, kan gjere det i perioden 10.–17. oktober. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på Dine sider på lanekassen.no.

589 200 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 52 500 har fastrente.

– Ikkje alle med flytande rente kan binde renta. Kundar som har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta, seier Andersen.

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fastrente, får automatisk flytande rente. Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på marknadsrenta for bustadlån.