Fått di første rekning frå Lånekassen?

Sist oppdatert: 13.02.2020
55 000 tidlegare studentar skal i desse dagar betale si aller første rekning til Lånekassen. For mange er dette det første lånet dei skal begynne å betale ned på. Her er Lånekassen sine tips om nedbetaling av studielån.

Eit halvt år etter siste utbetaling frå Lånekassen, får du den første rekninga, og overgangen frå student til tilbakebetalar er ein realitet. Det er viktig at kundane er bevisste sitt nye forhold til Lånekassen:

– Det er ei glede å bidra til at den enkelte kan utdanne seg og dermed skaffe seg kompetanse for eit langt yrkesliv. Samtidig er vi opptatt av at kundane våre har eit bevisst forhold til eigen økonomi, og at dei har god kjennskap til kva for plikter som følgjer med å ta opp lån, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

Lånekassen har per no 715 200 tilbakebetalarar, av desse er 55 000 førstegangsbetalarar. Er du førstegangsbetalar, er det ekstra lurt å få med seg råda frå Lånekassen:

Hald deg oppdatert og «gjer det sjølv» på Dine sider

  • Vel mellom fast og flytande rente: Studielånet er rentefritt så lenge du får støtte frå Lånekassen til fulltidsutdanning, men etter det blir renter lagt til. Du får automatisk flytande rente, men du kan velje å søke om fastrente for 3, 5 eller 10 år annankvar månad. 668 000 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 47 000 har fast rente.
  • Vel elektronisk betaling: 98 prosent av tilbakebetalarane betaler studielånet med e-faktura eller avtalegiro. Du kan velje ønskja betalingsmåte når du mottar nedbetalingsplanen frå Lånekassen, som er cirka fem månader etter siste utbetaling.
  • Du kan endre forfallsdato: Lånet skal betalast éin gang per månad. Du får automatisk den 15. som betalingsdato, men du kan sjølv endre til den 5. eller 25. i månaden, om det passar betre for deg.
  • Kan du ikkje betale? Då kan du enkelt søkje om betalingsutsetjing. Betalingsutsetjing betyr at du slepp å betale rekninga no, men at nedbetalingstida blir lengre. Utset du betalinga, må du betale meir renter samla sett enn om du ikkje utset. 
  • Ønskjer du å betale ned raskare? Då kan du justere nedbetalingsplanen din. 

Du gjer alle endringar sjølv, og følgjer med på gjelda din, på Dine sider på lanekassen.no.

Færre har betalingsproblem

At Lånekassen sine kundar har eit stadig meir bevisst forhold til studielånet sitt, viser også purre- og inkassoutviklinga dei siste åra:

– Kundane våre er jamt over gode tilbakebetalarar og dei blir stadig betre – færre får purringar og stadig færre studielån går til inkasso. Ser vi på dei siste ti åra, har delen som får purring gått ned for kvart år, frå 10,4 prosent i 2009 til 3,5 prosent i 2019. Tilsvarande ser vi at stadig færre av kundane får lånet sitt sagt opp og overført til Statens innkrevingssentral for innkreving. I 2009 gjekk 6,3 prosent av alle studielån til inkasso, no er delen på 3,3 prosent, seier Funnemark.

– Vi ser likevel at det er ein noko større del av førstegangsbetalarar enn blant dei etablerte tilbakebetalarane som ikkje betaler rekninga i tide i februar. Derfor er det ekstra viktig for oss å nå desse kundane med god informasjon.

Les meir: