Flytande rente stig

Sist oppdatert: 07.11.2019
Frå 1. januar 2020 blir flytande rente i Lånekassen på 2,579 prosent.

Flytande rente som gjeld frå nyttår, vil vere 0,107 prosentpoeng høgare enn dagens rente.

I hele 2019 har den flytande renta stige ved kvar rentefastsetjing. Førre gong flytande studielånsrente gjekk ned, var i november 2018.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året.

Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente. 614 300 av Lånekassen sine kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 47 200 har fast rente.

Neste moglegheit for å binde renta på studielånet er 10.–17. desember.

Lenkjer:

Her er gjeldande og tidlegare rentesatsar i Lånekassen.  

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett her.