Flytande studielånsrente stig

Flytande studielånsrente stig - Sist oppdatert: 06.09.2019
Flytande rente på studielånet vil frå 1. november vere 2,472 prosent.

Flytande rente på studielånet er i dag 2,237 prosent, men vil auke til 2,472 prosent frå 1. november.  

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året.

Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente. 619 000 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, medan 48 100 har fast rente.

Neste moglegheit for å binde renta på studielånet er 10.–17. oktober.

Lenkjer:

Her er gjeldande og tidlegare rentesatsar i Lånekassen.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett her.