Framleis låge renter i Lånekassen

Sist oppdatert: 09.10.2020
Tre og fem års fastrente på studielånet går vidare ned, medan tiårsrenta blir ståande uendra.

Fastrentene som gjeld frå 1. november er:

  • 3 år: 1,519 % (ned med 0,06 prosentpoeng)
  • 5 år: 1,657 % (ned med 0,02 prosentpoeng)
  • 10 år: 1,952 % (uendra)


Flytande rente i Lånekassen frå 1. november er på rekordlåge 1,391 %.

– Flytande rente har aldri vore lågare enn den er frå november, og vi ser at fastrentene fortset å halde seg låge, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Anette Bjerke
Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør  Lånekassen. Foto: Hege Aas/Lånekassen

9 av 10 som betaler på studielånet sitt har flytande rente. 639 000 av Lånekassens kundar har flytande rente, medan 45 000 har fast rente.

Dei som ønsker å binde renta frå 1. november, gjer det i perioden 10.–17. oktober på Dine sider på lanekassen.no.  

Fakta om studielånsrentene

  • Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og er fastsett på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden (basisrenta). Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
  • Både flytande og fast rente blir fastsett annankvar månad.
  • 639 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 45 000 har fast rente.
  • Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.