Ikkje gå glipp av stipend frå Lånekassen

Sist oppdatert: 06.07.2017
Elevar i vidaregåande skole som har fått skoleplass, kan no søkje om stipend frå Lånekassen for kommande skoleår. Alle med ungdomsrett kan få utstyrsstipend, men dei må søkje for å få det.

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring har rett til utstyrsstipend, men elevane må sjølve søkje om stipendet – elles går dei glipp av pengane. Utstyrsstipendet er meint å bidra til å dekkje skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede. I skoleåret 2017–2018 er utstyrsstipendet på 1 014 kroner, 2 245 kroner eller 3 750 kroner per år, avhengig av utdanningsprogram.

– Når elevane søkjer om utstyrsstipend, sjekkar vi samtidig om dei kan ha rett til andre typar stipend. Lånekassen gir mellom anna bustipend til elevar som må bu borte for å gå på vidaregåande, og grunnstipend til elevar frå familiar med svak økonomi, seier Hanne Bjertnes, senior kommunikasjonsrådgivar i Lånekassen.

Må ha skoleplass

Før elevane kan søkje om støtte frå Lånekassen, må dei ha fått skoleplass og takka ja til den. I desse dagar får 170 000 elevar melding om nettopp det: at dei har fått skoleplass. Elevar som står på venteliste, eller som er usikre på om dei skal byte skole eller program, bør vente med å søkje om stipend til dei er sikre på kva skole og program dei skal gå på.

– Då slepp dei å søkje om stipend på nytt når dei har bestemt seg, påpeikar Bjertnes.

Foreldre må signere for elevar under 18 år

Elevar over 18 år signerer sjølve avtalen om støtte, medan éin av foreldra må signere dersom eleven er under 18 år. Foreldre som har ein digital postkasse før eleven søkjer om stipend, får kopi av svaret der. Foreldre utan digital postkasse får kopi av svaret i posten. Digital postkasse kan bli oppretta enkelt på noreg.no.

Søknadsfristen for stipend og lån for hausten 2017 er 15. november.

Her kan du lese meir om kva støtte elevar i vidaregåande opplæring kan få frå Lånekassen.