Nær dobling av kundar som ber om å utsetje betalinga si

Sist oppdatert: 26.03.2020
Koronautbrottet har ført til at mange får økonomiske problem fordi dei mister jobb og inntekt på kort tid. Mange av desse har gjeld hos Lånekassen.

– Vi ser ei stor auke av kundar som har søkt om å utsetje betalinga si etter at koronautbrottet for alvor nådde Norge, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.   

– 90 prosent fleire kundar enn på same tid i fjor har så langt i mars søkt om å utsetje innbetalinga til Lånekassen. Dette vitnar om at det er mange som no har akutte økonomiske utfordringar som følgje av koronautbrottet, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.  

Nina Schanke Funnemark

Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen 
Foto: Lånekassen

Så langt i mars har 23 900 kundar søkt og fått utsett betalinga på studielånet, mot 12 500 i same periode i fjor.   

– Vi merker også ein auka pågang på kundesenteret vårt frå kundar som har spørsmål om å utsetje betalinga si, seier Funnemark.   

Kan utsetje betalinga i tre år

Alle som betaler på studielånet sitt kan utsetje betalinga inntil 36 gonger, tilsvarande tre år. Du treng ikkje å oppgi grunnen til at du ber om utsetjing. Kundane søkjer om betalingsutsetjing sjølv via Dine sider på lanekassen.no.

– Vi er heldige som har ein Lånekasse med rause ordningar. Alle kan få utsetjing på betalinga 36 gonger, utan å måtte grunngi utsetjinga. Det gir tidlegare studentar lånevilkår som ingen andre har, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Utvida fristen for å søkje støtte

Rett før helga blei det klart at Lånekassen utvidar søknadsfristen for vårsemesteret med éin månad til 15. april, dette som eit ledd i å hjelpe studentar. Dei som ikkje har søkt om støtte innan den opphavelege fristen 15. mars, eller som ikkje har søkt om fullt lån og stipend for vårsemesteret, kan søkje.

– Utvidinga av søknadsfristen er eit første tiltak, men vi jobbar vidare saman med Kunnskapsdepartementet for å finne fleire løysingar, seier Funnemark. 

Les meir om betalingsutsetjing på Lånekassen sine nettsider her.