No kan du igjen binde renta i Lånekassen

Sist oppdatert: 10.02.2020
Frå i dag kan du igjen binde renta i Lånekassen. Dei nye fastrentesatsane, som gjeld frå 1. mars, er høgare enn den flytande renta.
Dei nye fastrentesatsane som gjeld frå 1. mars er: 
3 års fastrente: 2,696 prosent
5 års fastrente: 2,804 prosent
10 års fastrente: 2,852 prosent
Dermed går alle dei tre fastrentene litt opp. Tre og ti års fastrente går opp med 0,058 prosentpoeng, medan fem års fastrente går opp med 0,069 prosentpoeng.
Den flytande renta frå 1. mars er 2,628 prosent. 
Få bind renta 
Det er tradisjonelt få som vel å binde renta i Lånekassen. 715 000 betaler i dag ned på studielånet sitt, av desse har 93 prosent flytande rente. 
– Lånekassen anbefaler ikkje den eine eller andre varianten, å ha flytande rente eller å binde renta er eit val den enkelte må ta. Nokon ønskjer føreseielegheit rundt sin økonomi og vel fastrente, andre beheld flytande rente, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen. 
– Uansett om kundane vel å binde renta eller ikkje, så er vi opptatt av at dei skal ha medvit rundt både noverande og framtidig økonomi, seier Funnemark.
I underkant av 1 500 Lånekasse-kundar valde å binde renta i 2019. Fleirtalet valde å binde renta i ti år, og dei fleste av desse gjorde det ved årets siste moglegheit, i desember, til 2,570 prosent. 
– Vi ser av statistikken for dei siste åra at færre og færre bind renta. I 2015 valde 23 000 å binde renta, to år etter valde litt over 3 000 å gjere det, og i fjor var altså talet nede på 1 500, seier Funnemark. 
Marknadsstyrt rente
Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. mars, kan gjere det i perioden 10. til 17. februar på Dine sider på lanekassen.no.
Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Alle får automatisk flytande rente på studielånet sitt, men kan velje å søkje om fastrente. Både flytande og fast rente på studielånet blir fastsett annankvar månad.
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her. 

Dei nye fastrentesatsane som gjeld frå 1. mars er: 

  • 3 års fastrente: 2,696 prosent
  • 5 års fastrente: 2,804 prosent
  • 10 års fastrente: 2,852 prosent

Dermed går alle dei tre fastrentene litt opp. Tre og ti års fastrente går opp med 0,058 prosentpoeng, medan fem års fastrente går opp med 0,069 prosentpoeng.

Den flytande renta frå 1. mars er 2,628 prosent. 

Få bind renta 

Det er tradisjonelt få som vel å binde renta i Lånekassen. 715 000 betaler i dag ned på studielånet sitt, av desse har 93 prosent flytande rente. 

– Lånekassen anbefaler ikkje den eine eller andre varianten, å ha flytande rente eller å binde renta er eit val den enkelte må ta. Nokon ønskjer føreseielegheit rundt sin økonomi og vel fastrente, andre beheld flytande rente, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen. 

– Uansett om kundane vel å binde renta eller ikkje, så er vi opptatt av at dei skal ha medvit rundt både noverande og framtidig økonomi, seier Funnemark.

I underkant av 1 500 Lånekasse-kundar valde å binde renta i 2019. Fleirtalet valde å binde renta i ti år, og dei fleste av desse gjorde det ved årets siste moglegheit, i desember, til 2,570 prosent. 

– Vi ser av statistikken for dei siste åra at færre og færre bind renta. I 2015 valde 23 000 å binde renta, to år etter valde litt over 3 000 å gjere det, og i fjor var altså talet nede på 1 500, seier Funnemark. 

Marknadsstyrt rente

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. mars, kan gjere det i perioden 10. til 17. februar på Dine sider på lanekassen.no.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Alle får automatisk flytande rente på studielånet sitt, men kan velje å søkje om fastrente. Både flytande og fast rente på studielånet blir fastsett annankvar månad.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her