No kan elevar søke om stipend for neste skoleår

Sist oppdatert: 12.07.2020
Har du fått skoleplass for hausten og takka ja til den, kan du søke om stipend frå Lånekassen.

– Alle elevar på vidaregåande skole kan få utstyrsstipend frå Lånekassen. Dei søker om dette på Dine sider på lanekassen.no, seier Nina Schanke Funnemark administrerande direktør i Lånekassen.

Nina Schanke Funnemark, administrerende direktør i Lånekassen

Utstyrsstipendet, som alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få, skal gå til utstyr elevane treng i opplæringa. Det er fire satsar (frå 1 071 kroner til 4 412 kroner), og kor mykje elevane får, avhenger av kva for linje dei tar. Utstyrsstipendet blir utbetalt éin gang per skoleår.

Kan få ulike typar stipend

Det er også andre typar stipend for elevar på vidaregåande. Dei som må bu borte frå foreldra for å gå på skolen, kan få bortebuarstipend på 4 603 kroner i månaden. I tillegg har nokre rett på inntektsavhengig stipend (tidlegare kalla grunnstipend) fordi inntekta til foreldra er svært låg.

Her kan du sjekke kor mykje stipend og lån du kan få frå Lånekassen.

Er du under 18 år?

For elevar som er under 18 år, er det eit krav at foreldra signerer for stipendet.

– Be foreldra dine opprette ein digital postkasse på norge.no før du søker om stipend. Då kan dei signere for stipendet ditt elektronisk, seier Schanke Funnemark.

Bur du heime i starten på grunn av koronasituasjonen?

Elevar som m�� flytte heimanfrå for å gå på vidaregåande skole, men som startar skoleåret med å bu heime hos foreldra sine på grunn av koronasituasjonen, vil bli rekna som bortebuarar hausten 2020.