Nye fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 10.12.2019
Frå 1. januar 2020 aukar fastrentene i Lånekassen. Dei nye faste rentene aukar med 0,156 prosentpoeng for tre år, 0,156 for fem år og 0,224 prosentpoeng for ti år frå 1. januar neste år.

Kvar andre månad har Lånekassens kundar moglegheit til å binde rentene på studielånet sitt. Hittil i år har i underkant av 1 500 tilbakebetalarar vald å gå over frå flytande til fast rente.

Lånekassen tilbyr fastrenter med tre, fem eller ti års bindingstid, og dei fleste som har bunde renta i 2019, har gjort det for ti år. Per no har 675 100 av Lånekassens tilbakebetalarar flytande rente på lånet, medan 47 200 har fast rente.

Alle fastrentene aukar noko frå nyttår

Flytande rente i Lånekassen vil frå 1. januar vera 2,579 prosent. Dei nye fastrentene blir frå nyttår:

  • 3 år: 2,638 %
  • 5 år: 2,735 %
  • 10 år: 2,794 %

 Binde eller ikkje?

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. januar 2020, kan gjere det i perioden 10. til 17. desember på Dine sider på lanekassen.no.

– Om ein skal binde renta eller ikkje, er eit val den enkelte må ta. Om du er i ein livssituasjon der økonomisk føreseielegheit er viktig, kan det å binde renta bidra til føreseielegheit rundt utgifter, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark.

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkar om fast rente, får automatisk flytande rente.

Fakta om studielånsrentene

  • Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Dette gjennomsnittet kallast basisrenta. Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng. Dette basisgrunnlaget gjeld både fast og flytande rente.
  • Både flytande og fast rente på studielånet blir fastsett annenkvar månad.
  • 675 100 av tilbakebetalarane i Lånekassen har i dag flytande rente på studielånet sitt, medan 47 200 har fast rente.
  • Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.