Fastrentene i Lånekassen stig

Sist oppdatert: 12.12.2018
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. januar vere 2,472 prosent for tre års bindingstid, 2,804 for fem år og 3,309 for ti år, og aukar dermed noko frå dagens satsar.

Alle tre satsane aukar med høvesvis 0,127 prosent, 0,117 prosent og 0,145 prosent, og følgjer derfor ein svak gjeldande trend hos Lånekassen. Det siste halve året har rentene i Lånekassen hatt oppgang frå det lave nivået i 2017 og første del av 2018. 

Binde eller ikkje? 

- Det er mange som lurer på om ein skal binde renta. Det må kundane sjølv avgjera basert på om ein treng den føreseielegheit som fast rente gir, eller om ein vil spekulere i om det lønner seg å binde, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark. 

- Å binde renta kan ein sjå på som ei forsikring mot auka utgifter. Det gir ein trygg økonomi dei neste tre, fem, eller ti åra. Over tid har flytande rente som oftast vore gunstigare enn å binde renta, fortset Funnemark.

Ho understrekar at det å binde renta bør vere eit personleg val basert på eigen økonomiske situasjon, og at Lånekassen ikkje oppfordrar kundane sine til det eine eller andre alternativet. 

Renteutvikling framover basert på sentralbanken sine prognosar 

Ifølgje sentralbanken sine prognosar vil styringsrenta auke med 1,25 prosent innan utgangen av 2021*. Dersom prognosane slår til, vil tilbodet på dagens tre-års fastrente (2,472 prosent), vere gunstigare enn flytande rente over dei tre neste åra. 

Dersom marknaden utviklar seg som prognosane tilseier, vil då dagens flytande rente i Lånekassen på 2,090 prosent auke med 1,25 innan 2022, og vil derfor gå opp til 3,340 prosent. I gjennomsnitt vil den flytande renta då vere 2,715, mot dagens fastrente på 2,472 prosent. 

Dersom dette blir tilfellet, vil ein kunde som har studiegjeld på 300 000 kroner då kunne spare cirka 2 100 kroner fram til 2022 på å ha tre-års fastrente i staden for flytande rente. Merk at dette er berre gitt at renteutviklinga blir eksakt slik som sentralbanken spår, og at uventa hendingar, både nasjonale og internasjonale, vil påverke renteutviklinga.  

Nytt sentralbankmøte midt i tilbodsperioden 

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. januar, kan gjere det i perioden 10.-17. desember. Alle som skal søkje om fast rente, gjer det på Dine sider på lanekassen.no.

 Sentralbanken skal ha eit nytt rentemøte 13. desember, altså midt i tilbodsperioden.

- Vi følgjer med på kva signal det kjem ut av møtet, fortset Funnemark, men ho vil ikkje spekulere rundt dette. 

590 800 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, og 51 900 har fastrente.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte

Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fastrente, får automatisk flytande rente. Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. Dette gjennomsnittet blir kalla basisrenta. Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng. Dette kalkylegrunnlaget gjeld både flytande og fast rente i Lånekassen.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånerentene og rentene i Lånekassen.

Modellen baserer seg på data som bankane er forplikta å rapportere inn til Finansportalen. Finansportalen er ei netteneste frå Forbrukerrådet som presenterer bank-, forsikrings- og investeringstilbod frå bankar og forsikringsselskap.