Stabile fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 08.12.2017
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. januar 2018 vere 2,168 prosent for tre års bindingstid, 2,433 prosent for fem år og 3,008 prosent for ti år.

Den flytande renta på studielånet held seg stabil på 2,168 prosent, også frå 1. januar. Det betyr at både tre års fastrente og flytande rente vil vere på 2,168 prosent frå nyttår.

– Medan tre års og fem års fastrente minkar med knappe 0,01 prosentpoeng, stig tiårsrenta tilsvarande marginalt med 0,01 prosentpoeng, fortel Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan binde 10.–17. desember

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. januar, kan gjere det i perioden 10.-17. desember. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

551 420 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 62 211 har fastrente.

– Studentar som avsluttar utdanninga før jul, kan ikkje binde renta no. Dei må vente til februar med å søkje om fastrente frå 1. mars, påpeikar Herstad.

Kundar som har igjen mindre enn tre års nedbetalingstid, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan heller ikkje binde renta.

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fastrente, får automatisk flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Rentene blir i dag fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.

Følg renteutviklinga, og les meir om fastsetjinga av renta i Lånekassen.