Stabilt låge fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 10.04.2019
Fastrentene i Lånekassen heldt seg enten uendra eller går noko ned. Rentesatsane frå 1. mai vil vere 2,462 prosent, 2,784 prosent og 3,241 prosent for høvesvis tre, fem og ti år. Samtidig vil den flytande renta i Lånekassen vere 2,168 prosent.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt, og blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden. I lys av at Noregs Bank den 21. mars sette opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng og at oppjusteringa har ført til at fleire bankar har økt rentene på sine bustadlån, har Lånekassens administrerande direktør følgjande å seie om renteutviklinga i Lånekassen:  

-        Vi anbefaler alle våre kundar å følgje med på den generelle renteutviklinga, då både marknadsrenta og studielånsrenta følgjer utviklinga av styringsrenta sett av Noregs Bank. Grunna måten renta i Lånekassen blir fastsett på, endrar studielånsrenta seg noko seinare enn renta i bank, både ved opp- og nedgang. 

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Fastsetjinga av fastrenter for 3, 5 eller 10 år er som nemnt basert på observasjonar av prisar på bustadlån med fast rente i høvesvis 3, 5 eller 10 år. For fastrentene er observasjonsperioden på éin månad, med opphald på éin månad før verknad. Fastrentene som er gjeldande frå mai er derfor basert på observasjonar frå mars.  

Du kan binde renta mellom 10. april og 17. april 

  • Det er opp til kvar enkelt om ein ønskjer å binde renta, basert på om ein treng den føreseielegheita som fast rente gir, eller om ein vil spekulere i om det lønner seg å behalde flytande rente. Å binde renta kan bli sett på som ei forsikring, då det vil gi ein føreseieleg økonomi dei neste tre, fem eller ti åra, seier Funnemark.  

Ho seier vidare at Lånekassen den siste tida har observert ein nedgang i interessa frå kundar som ønskjer å binde renta, frå eit allereie lavt nivå.  

– Vi ser tendensar til at det er størst interesse for å binde renta når fastrentene er lave i forhold til den flytande, og gjerne når flytande rente ligg over fast. Dette såg vi sist i februar 2015, da 16 000 kundar batt renta.  

I dag har 645 000 av Lånekassens tilbakebetalarar flytande rente på studielånet, medan 50 000 har fast rente, noko som tilseier at over 90 prosent av kundemassen har valt flytande rente.  

Om å binde renta i Lånekassen:  

  • Ikkje alle med flytande rente kan binde renta.  
  • Kundar som har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta.  
  • Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.