Stabilt låge fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 14.08.2018
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. september vere 2,305 prosent for tre års bindingstid, 2,657 prosent for fem år og 3,125 prosent for ti år.

– Vi ser at satsane for tre, fem og ti års fastrente går ned med rundt 0,020 prosentpoeng frå dagens satsar, seier Magnus Andersen, seniorrådgivar i Lånekassen.

Den flytande renta på studielånet vil vere på 2,041 prosent frå 1. september, som betyr at den flytande renta er noko lågare enn fastrentene.

Forsikra seg mot rentehopp

Historisk sett har det normalt ikkje lønt seg å binde renta i Lånekassen, medan det finst unntak frå regelen:

– Blant dei kundane som kan binde renta nå, er det ei gruppe på litt over 2000 kundar som batt renta for tre år sidan. Den gongen var 3-årsrenta cirka 0,3 prosentpoeng lågare enn den flytande renta. Dette tente dei på, mykje hjelpa av renteaukane som kom i statsbudsjettet for 2017, då frådraget på basisrenta blei endra frå 0,50 til 0,15. Det er ikkje så vanleg at det løner seg å binde renta, men det gjorde det altså for desse, seier Andersen.

Kan binde mellom 10. og 17. august

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. september, kan gjere det i perioden 10.–17. august. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på Dine sider på lanekassen.no.

Ikkje alle med flytande rente kan binde renta. Kundar som har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta.

610 614 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 55 072 har fastrente.

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fastrente, får automatisk flytande rente. Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på marknadsrenta for boliglån.