Stabilt låge renter i Lånekassen

Sist oppdatert: 09.02.2018
Alle rentene på studielånet held seg uendra, eller går litt ned, frå 1. mars. Tre års fastrente blir lågare enn den flytande renta.

Frå 1. mars vil rentene i Lånekassen vere 2,168 prosent for flytande, 2,159 prosent for tre års bindingstid, 2,433 prosent for fem år og 2,969 prosent for ti år.

– Tre års og ti års fastrente minkar med høvesvis 0,01 og 0,04 prosentpoeng, medan femårsrenta forblir uendra, fortel Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan binde i perioden 10.–17. februar

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. mars, kan gjere det i perioden 10.–17. februar. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

604 500 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 61 700 har fastrente.

Kundar som har igjen mindre enn tre års nedbetalingstid, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta.  

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fastrente, får automatisk flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Rentene blir i dag fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.

Følg renteutviklinga, og les meir om fastsetjinga av renta i Lånekassen.