Studielånsrenta fortset å gå ned

Sist oppdatert: 10.09.2020
Den flytande renta i Lånekassen går ned til 1,391 % frå 1. november. Det er den lågaste rentesatsen i Lånekassens historie.

Flytande rente i Lånekassen går ned med 0,148 prosentpoeng, til 1,391 %.

1. september sokk flytande studielånsrente til 1-tallet, og det med god margin. No blir renta sett ytterlegare ned, til 1,391 %.

– Det betyr at kundar med flytande rente er sikra studielånsrente langt ned på 1-talet ut året, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

Nina Schanke Funnemark
Nina Schanke Funnemark, adm.dir. i Lånekassen. Foto: Hege Aas, Lånekassen

Og dette gjeld for 9 av 10 som betaler på studielånet sitt. Per i dag har 645 000 av Lånekassens kundar flytande rente, medan 43 000 kundar har fast rente.

Men også alle dei som batt renta på studielånet ved førre moglegheit, i perioden 10. til 17. august, nyt rente på 1-talet. Satsen for tre, fem og ti års fastrente var då på høvesvis 1,579 %, 1,677 % og 1,952 %. 

Dei neste fastrentene blir offentleggjort før 10. oktober.

Fakta om studielånsrentene

  • Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt, og er fastsett på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånstilboda i marknaden (basisrenta). Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
  • Både flytande og fast rente blir fastsett annankvar månad.
  • 645 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 43 000 har fast rente.
  • Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.