104 millionar kroner går ut til 4 000 studentar i dag

Sist oppdatert: 13.05.2020
I går opna Lånekassen for at studentar som har nedgang i inntekt som følge av koronautbrotet, kan søke om tilleggslån. Vel 4 000 studentar søkte og signerte avtalen i går, og dei får til saman utbetalt 104 millionar kroner i dag.

Lånekassen sender denne veka ut e-post til over 200 000 studentar om at dei som har hatt redusert inntekt på grunn av koronautbrotet, kan søke om tilleggslån. Tilleggslånet er på 26 000 kroner, der 8 000 kroner kan bli gjort om til stipend i etterkant. E-postane blir sendt ut puljevis, og ingen kan søke før dei har fått e-posten. I går ble dei første 60 000 e-postane sendt ut.

Pengane blir utbetalt i løpet av eit par dagar

– Vi sendte ut e-post til 60 000 studentar i går, og så langt har 4 000 søkt og signert avtalen. Desse får utbetalinga i dag – til saman 104 millionar kroner, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

Dei som søker, må kunne dokumentere nedgang i inntekt grunna koronautbrotet. Godkjend dokumentasjon vil da vere ei skriftleg stadfesting frå arbeidsgivar, for eksempel permitteringsvarsel, oppseiing frå deltidsjobb eller reduksjon i vakter/timar.

Fristen for å søke er 15. juni.

Også enkelte elevar kan få tilleggslån

Også elevar som er 18 år eller eldre, og som allereie får lån for elevar over 18 år, kan søke om tilleggslån. Dei vil kunne få 13 000 i tilleggslån, der 8 000 kroner av dette kan bli gjort om til stipend i etterkant. Elevane må vente til juni med å søke, og dei vil også få e-post når dei kan søke.

Lånekassen løyste oppdraget med ei heilt ny løysing

For å kunne tilby tilleggslånet har Lånekassen utvikla ei ny løysing:

– Lånekassen har bygd ei helt ny løysing med utgangspunkt i eksisterande komponentar, og vi har klart dette på veldig kort tid, seier Funnemark.

Var raskt ute med tiltak til studentane

Tilleggslånet er eitt av fleire korona-tiltak for studentar og elevar i regi av Lånekassen. Søknadsfristen for inneverande semester blei utvida med éin månad, frå 15. mars til 15. april, slik at studentar som ikkje allereie fekk støtte frå Lånekassen, kunne søke om det. Eit tredje tiltak har vore at Lånekassen utbetalte all støtte for april, mai og juni i april, for å sikre pengar på kort sikt. 

– Koronautbrotet førte til at studentar og elevar brått fekk ein annleis kvardag, med stor uvisse rundt eigen økonomi. Det blei viktig å få på plass ekstraordinære tiltak kjapt. Eg er glad for at vi har fått til dette, no sist med moglegheit til å søke om eit tilleggslån for dei som har hatt nedgang i viktig inntekt som følge av utbrotet. Lånekassen samarbeider tett med Kunnskapsdepartementet for å finne løysingar for studentar og elevar slik at dei skal bli minst mogleg skadelidande som følge av koronautbrotet, seier Funnemark.