Denne veka blir stipend og lån for april, mai og juni utbetalt

Sist oppdatert: 14.04.2020
Denne veka får studentar og elevar utbetalingane for april, mai og juni frå Lånekassen inn på konto. Utbetalinga til kvar enkelt vil skje over tre dagar.

– Eg er glad for at vi fekk på plass denne løysinga. Det vil gjere at studentar som har blitt permittert frå deltidsjobb og mista biinntekt som følgje av koronautbrottet, har pengar til utgifter som bu- og levekostnader no – det hjelper på likviditetsbehovet på kort sikt, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.

Nina Schanke Funnemark

Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen
Foto: Lånekassen

Blir fordelt over tre dagar

Alle studentar og elevar med utbetalingar i april, mai og juni, vil få desse utbetalingane denne veka. For ein fulltidsstudent med 11 månader studiestøtte tilsvarer det 27 550 kroner utbetalt denne veka. Kundane vil få utbetalinga fordelt over tre dagar – dei fleste vil få tre utbetalingar.

– For å kunne få pengane ut på ein rask og sikker måte, er vi avhengig av å fordele utbetalingane over tre dagar, seier Funnemark. I alt vil 267 000 kundar få ei utbetaling frå Lånekassen denne veka, og det blir utbetalt til saman 5,6 milliardar kroner.

Utvida søknadsfrist

Utbetaling på forskot kjem i tillegg til at Lånekassen utvida søknadsfristen til 15. april. Med to dagar igjen av søknadsfristen, har 8 200 brukt moglegheita til å søkje etter at søknaden ble opna igjen.

– Utvida frist gir studentar som ikkje hadde søkt om støtte innan den ordinære fristen, moglegheita til å søkje. I tillegg kan studentar som ikkje har søkt om maksimal støtte, søkje om det dersom dei ønskjer, seier Funnemark.

Regjeringa har også vedtatt at studentar som har mista deltidsjobb og biinntekt som følge av koronautbrottet, kan søkje om eit ekstra lån frå Lånekassen på 26 000 kroner. For å få lånet er det eit krav at studentane kan bekrefte tapt inntekt på grunn av koronakrisa i forkant, samt at dei må kunne dokumentere dette i ettertid. Studentane kan søkje om dette lånet frå mai.

Utvida moglegheit til betalingsutsetjing for dei som betaler på studielånet

For å hjelpe dei som betaler på studielånet som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, blir moglegheita for betalingsutsetjing i Lånekassen utvida. Lånekassen sine kundar kan utsetje innbetalinga til Lånekassen i verkeperioden for koronaloven, utan at dei bruker av kvota på 36 månader.

– Svært mange av Lånekassen sine kundar har brukt moglegheita til å søkje om betalingsutsetjing sidan midten av mars. Vi såg eit nytt hopp etter at det blei kjent at ein kunne få ekstra utsetjingar i koronaperioden, seier Funnemark.

Frå 12. mars har det komme inn over tre gongar så mange søknadar om betalingsutsetjing samanlikna med same periode i fjor – 67 000 søknader sidan 12. mars i år, mot 19 000 i same periode i fjor.