Flytande studielånsrente går ned

Sist oppdatert: 06.05.2020
Frå 1. juli blir flytande rente i Lånekassen sett ned til 2,159 prosent.

Flytande rente frå 1. juli vil vere 0,44 prosentpoeng lågare enn dagens flytande rente, som er 2,599 prosent.

Basert på rentene i mars og april

Renta i Lånekassen blir basert på berekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente i Lånekassen blir rekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden.

Flytande rente med verknad frå 1. juli er basert på marknadsrenta på bustadlån slik dei var gjennom mars og april. Som følge av koronautbrotet, sette fleire av bankane ned sine bustadlånrenter frå slutten av mars. Flytande rente i Lånekassen som gjeld frå 1. juli vil dermed ikkje fullt ut reflektere dagens marknadsrente.

Ni av ti har flytande rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søker om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

673 400 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 38 200 har fast rente.

Neste moglegheit for å binde renta på studielånet er 10.–17. juni.

Les meir om rentesatsar i Lånekassen.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.