Flytande studielånsrente søkk

Sist oppdatert: 10.03.2020
Frå 1. mai blir flytande rente i Lånekassen 2,599 prosent.

Flytande rente frå 1. mai vil med det vere 0,029 prosentpoeng lågare enn dagens flytande rente, som er 2,628 prosent.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gangar i året. Kundar som ikkje aktivt søker om fast rente, vil automatisk ha flytande rente. 662 700 av Lånekassen sine kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 46 700 har fast rente.

Neste moglegheit for å binde renta på studielånet er 10.-17. april.

Lenker:

Rentesatsar i Lånekassen
Slik blir renta i Lånekassen fastsett