Framleis låg fast rente i Lånekassen

Sist oppdatert: 11.08.2020
Dei nye fastrentesatsane som gjeld frå 1. september går ytterlegare ned frå førre periode, og for første gong er renta på ti års bindingstid under 2 prosent.

Dei nye fastrentesatsane som gjeld frå 1. september er:

  • 3 år: 1,579 prosent
  • 5 år: 1,677 prosent
  • 10 år: 1,952 prosent

Tre og fem års bindingstid på renta går ned med høvesvis 0,049 og 0,059 prosentpoeng, medan ti års fastrente går ned med 0,050 prosentpoeng, og er under 2 prosent for første gong i historia.

Den flytande renta frå 1. september er 1,539 prosent.

– Rentesatsane for 5- og 10 år i Lånekassen har aldri nokon gong vore lågare enn dei blir frå 1. september, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark.

Marknadsstyrt rente

Renta i Lånekassen er basert på berekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente i Lånekassen blir berekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på boliglån i marknaden. Både flytande og fast rente på studielånet blir fastsett annankvar månad.

Fast rente med verknad frå 1. september er basert på marknadsrentene på boliglån slik dei var gjennom juli.

Slik søker kundane om fast rente

Alle får automatisk flytande rente på studielånet sitt, men kan velje å søke om fast rente.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. september, kan gjere det i perioden 10. til 17. august på Dine sider på lanekassen.no.

664 800 kundar har flytande rente, medan 43 200 kundar har fast rente på studielånet sitt.

Les meir om renteutviklinga i Lånekassen.

Les meir om korleis renta fastsettast i Lånekassen.