Gir dei som betaler på studielån utvida moglegheit til betalingsutsetjing

Sist oppdatert: 02.04.2020
For å hjelpe dei som betaler på studielånet som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, blir moglegheita til betalingsutsetjing i Lånekassen utvida.

Frå før kan alle som betaler på studielånet sitt utsetje den månadlege innbetalinga 36 gongar, tilsvarande tre år. Ein del av kundane har derimot brukt opp utsetjingane sine. Ordninga med utvida moglegheit til utsetjing gjeld foreløpig for rekningane i mars og april, tilsvarande verkeperioden for koronaloven.

Nina Schanke Funnemark

Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen 
Foto: Lånekassen

Blir utvida dersom koronaloven blir utvida 
Regjeringa har vedtatt at alle som treng det, kan utsetje innbetalinga si til Lånekassen i verkeperioden for koronaloven, utan at dei bruker av kvoten på 36 månader. Dersom loven blir utvida, vil også anledninga til å utsetje studielånet bli forlenga med like mange månader. 
– Lånekassen si ordning for betalingsutsetjingar er i utgangspunktet god, men eg er glad for at vi no kan tilby alle våre tilbakebetalingskundar høvet til å utsetje utan at det blir tatt av kvota på 36 månader, seier Nina Schanke Funnemark, administrerande direktør i Lånekassen.
– Raus ordning
– Vi er heldige som har ein Lånekasse med rause ordningar som gir studentar lånevilkår som ingen andre har. Eg håper denne ekstra opninga for å få betalingsutsetjing bidreg til å hjelpe dei som treng desse pengane til andre utgifter i denne perioden, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.
Som Lånekassen fortalde i førre veke, er det ei nær dobling av kundar som søkjer og får innvilga betalingsutsetjing så langt i mars i forhold til same periode i fjor. I mars valde 32 300 kundar å utsetje innbetalinga til Lånekassen, mot 17 200 i mars i fjor. 
Kundane søkjer om betalingsutsetjing sjølv via Dine sider på lanekassen.no. 
Les meir om betalingsutsetjing på Lånekassen sine nettsider her. 

Blir utvida dersom koronaloven blir utvida

Regjeringa har vedtatt at alle som treng det, kan utsetje innbetalinga si til Lånekassen i verkeperioden for koronaloven, utan at dei bruker av kvota på 36 månader. Dersom loven blir utvida, vil også anledninga til å utsetje studielånet bli forlenga med like mange månader. 