No kan studentar søkje om stipend og lån for neste studieår

Sist oppdatert: 14.09.2020
Studentar som har studieplass til hausten, kan no søkje om stipend og lån frå Lånekassen.

– Søkjer du no før sommarferien, får du pengane til studiestart, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Du må ha fått studieplass før du kan søkje om støtte frå Lånekassen.

Elevar i vidaregåande opplæring må vente med å søkje om støtte frå Lånekassen til dei har fått opptak gjennom Vigo og takka ja til ein skoleplass.

Vel elektronisk signering i søknaden

Eit anna godt råd til studentane er å velje elektronisk signering.

– Vel du å signere elektronisk, slepp du å vente på svar i posten og å sende den signerte avtalen tilbake i posten til oss, seier Herstad.

Alle som ønskjer å signere avtalen om støtte elektronisk, må krysse av for dette i sjølve søknaden.

Søknadsfrist 15. november

Fulltidsstudentar i høgare utdanning kan få 103 950 kroner i basisstøtte for undervisningsåret 2016– 2017. Basisstøtta blir gitt som lån. Er du bortebuar, kan inntil 41 580 kroner av lånet ditt bli gjort om til stipend etter bestått eksamen.

Fristen for å søkje om støtte for hausten er 15. november.

Nyttige lenker:

Her kan du sjå kor mykje stipend og lån du kan få for neste studieår
Her kan du lese om elektronisk signering
Sjå film om elektronisk signering