No kan vaksne få meir stipend og lån frå Lånekassen

Sist oppdatert: 25.02.2020
Kvar femte vaksne i Noreg har ikkje vitnemål eller fagbrev frå vidaregåande opplæring. Frå hausten tilbyr Lånekassen større fleksibilitet og betre ordningar for vaksne.

Nær 600 000 vaksne i alderen 25–66 år har per i dag ikkje fullført vidaregåande opplæring. For vaksne, som ofte har større økonomiske plikter som bustadlån og forsørgaransvar, er økonomi ein viktig faktor når val om utdanning skal takast.

I fjor fekk 12 500 over 25 år støtte frå Lånekassen til vidaregåande opplæring. Med økt støtte og meir fleksible ordningar frå i haust av, er målet at fleire vaksne kan fullføre. Fristen for å søke vidaregåande opplæring for neste studieår nærmar seg.

– Lånekassen vil bidra til at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring, og slik får eit godt utgangspunkt for arbeidslivet og for livslang læring, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark.   

Meir fleksibelt med nye ordningar

Vaksne som ønsker å ta vidaregåande opplæring kan, lik studentar i høgare utdanning, få basisstøtte – for fulltidsutdanning tilsvarer det i dag inntil 110 200 kroner i studieåret. I tillegg kan dei ha rett på andre stipend, som for eksempel forsørgarstipend, foreldrestipend, ekstrastipend og  flyktningstipend. Frå neste studieår gir nye reglar meir i støtte og større fleksibilitet for vaksne:

  • Du kan søke om lån til du er 50 år, utan at støttebeløpet blir redusert, mot 45 år før. I tillegg blir aldersgrensa for når lånet må være tilbakebetalt, heva frå 65 til 70 år.
  • Kravet om minst 50 prosent studiebelastning for å få støtte fjernast. Det betyr at du også kan få støtte om du for eksempel studerer 20 prosent ved sidan av jobb. 
  • Er du 30 år eller eldre og skal ta vidaregåande opplæring, kan du også ha rett på eit tilleggslån på opptil 50 000 kroner for kvart studieår og 100 000 kroner totalt i løpet av åra med vidaregåande opplæring. Er du 18 år eller eldre og har barn under 16 år, kan du få tilleggslån på inntil 50 000 kr per studieår og 100 000 kroner totalt. Det er sett eit tak på til samen 100 000 kroner i samla tilleggslån.

Dei nye ordningare gjeld også for studentar i høgare utdanning, men i høgare utdanning er tilleggslånet på inntil 100 000 kroner i året og maks 200 000 kroner totalt.  

Lånekassen har vore mindre tilpassa vaksne

 – Vi må gjere det enklare for vaksne med familie, hund og stasjonsvogn å ta utdanning enten dei treng vidaregåande opplæring eller vidareutdanning. Lånekassen har vore veldig godt tilpassa unge heiltidsstudentar, men har vore mindre tilpassa vaksne. Det gjer vi noko med no. Eg håpar og trur dette bidrar til at fleire får kvalifisert seg for morgondagens arbeidsliv, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Kompetanse Norge jobbar for å stimulere vaksne målgrupper til opplæring og utdanning.
– Tilbodet av etter- og vidareutdanning bør bli betre og meir fleksibelt, og samtidig slik at også dei som har økonomiske plikter som huslån og forsørgarbyrde, kan delta, seier direktør i Kompetanse Norge, Sveinung Skule.

Les om støtte til vidaregåande opplæring for vaksne frå hausten på lanekassen.no her.