Nye fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 14.04.2020
Dei nye fastrentesatsane for studielån som gjeld frå 1. mai, blir redusert med opptil 0,4 prosentpoeng.

Dei nye fastrentesatsane som gjeld frå 1. mai er:

  • 3 år: 2,354 prosent
  • 5 år: 2,403 prosent
  • 10 år: 2,501 prosent

Dermed går alle dei tre fastrentene litt ned sidan førre anledning til å binde renta frå 1. mars i år. Tre og ti års fastrente går ned med høvesvis 0,342 og 0,351 prosentpoeng, medan fem års fastrente går ned med 0,401 prosentpoeng.

Den flytande renta frå 1. mai er 2,599 prosent.

Forventar lågare flytande rente

Lånekassen og andre verksemder som er pålagde å bruke statens basisrente får kritikk for at rentene ikkje er sett ytterlegare ned.

– Den måten Lånekassen er forplikta å berekne sine renter på, inneber at vi ikkje fullt ut fangar opp den ekstraordinære nedsetjinga av renta som følgjer av koronasituasjonen, seier administrerande direktør Nina Schanke Funnemark.

Renta i Lånekassen blir berekna ut frå eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden. I starten av mai vil Lånekassen offentliggjere ny flytande rente med verknad frå 1. juli. Denne vil vere basert på marknadsrentene på bustadlån slik dei var gjennom mars og april. Fordi endringane i bankane sine bustadlånsrenter ikkje kom før i slutten av mars, vil ikkje den flytande renta frå 1. juli fullt ut reflektere dagens marknadsrente.

Flytande rente som gjeld frå 1. mai, er basert på observasjonar gjort i januar og februar, medan flytande rente som gjeld frå 1. juli vil vere basert på observasjonar i mars og april.

Det er få kundar som bind renta

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. mai, kan gjere det i perioden 10. til 17. april på Dine sider på lanekassen.no. Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og blir basert på berekningar frå Finanstilsynet. Alle får automatisk flytande rente på studielånet sitt, men kan velje å søkje om fastrente. 675 200 kundar har flytande rente, medan 38 300 har vald fastrente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.