Opnar Lånekasssen for vaksne studentar

Sist oppdatert: 24.04.2020
For å bidra til livslang læring legg Lånekassen til rette for større fleksibilitet og betre ordningar for vaksne som ønsker å studere.

I dag la regjeringa fram stortingsmeldinga Lære hele livet. Den inneheld blant anna forslag til endringar som gjer det lettare for vaksne å få støtte til utdanning gjennom Lånekassen.

– Det som passar for ein yngre student utan større økonomiske plikter, passar ikkje nødvendigvis for vaksne med familie og bustadlån. Lånekassen sitt samfunnsoppdrag er å gjere utdanning mogleg for alle, uavhengig av blant anna alder, kjønn og geografiske forhold. Dei nye ordningane er eit nytt viktig skritt i retning av å fullt ut oppfylle samfunnsoppdraget vårt, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark.

Foto: Hege Aas/Lånekassen

Vil gjere Lånekassen betre tilpassa framtida

I dag får vaksne som skal ta vidaregåande opplæring eller høgare utdanning basislån frå Lånekassen. For ein fulltidsstudent med 11 månader utdanningsstøtte tilsvarer det inntil 121 220 kroner dette studieåret. I tillegg kan vaksne ha rett på andre stipend, som barnestipend, foreldrestipend, tilleggsstipend nedsett funksjonsevne og flyktningstipend.

Frå og med hausten 2020 gir nye reglar meir i støtte og større fleksibilitet for vaksne:

  • Du kan få fullt lån til du er 50 år (mot 45 år tidlegare), og redusert støtte etter det. Samstundes blir aldersgrensa for når lånet må vere tilbakebetalt heva frå 65 til 70 år.
  • Kravet om minst 50 prosent studiebelastning for å få støtte blir fjerna. Det betyr at du også kan få støtte om du for eksempel studerer 20 prosent ved sidan av jobb.
  • Du kan få tilleggslån om du er over 30 år, og om du er over 18 år og har barn under 16 år.

– Dei nye tiltaka vil samla sett gjere Lånekassen betre tilpassa arbeidsmarknaden i framtida, og behovet for livslang læring, seier Funnemark.

I studieåret 2019–2020 får 255 000 studentar lån og stipend frå Lånekassen. 42 000 av desse er 30 år eller eldre.