Organisasjonen

Sist oppdatert: 26.04.2019

Om Lånekassen

  • Lånekassen er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet (KD). Lånekassen blir leidd av eit styre oppnemnt av KD. Styret består av åtte faste medlemmer, der to er elev- og studentrepresentantar og to er representantar for dei tilsette. Styret skal, på vegner av departementet, følgje opp verksemda og kontrollere at Lånekassen utfører oppgåvene sine i samsvar med KD sine styringssignal og retningslinjer.
  • Lånekassen har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Stavanger, Trondheim og Ørsta. Ved utgangen av 2018 hadde Lånekassen 318 fast tilsette.
  • Driftsutgiftene i 2018 var på 403,1 millionar kroner. 

Historikk

  • Lånekassen blei etablert i 1947, i forlenginga av ei rekkje velferdsordningar for studentar.
  • Frå siste halvdel av 1950-talet blei det også gitt støtte til elevar i vidaregåande opplæring.
  • Frå slutten av 1950-talet kom ein stor vekst i talet på studentar i høgare utdanning, med to periodar der veksten var særleg sterk: på 1960-talet og frå midten av 1980-talet.
  • I 1980- og 1990-åra blei det utvikla store datasystem for massehandtering av søknader.
  • I 2001 blei det mogleg å søkje om støtte digitalt.
  • I 2003 blei støtta lagt om i samband med kvalitetsreforma i høgare utdanning, og studentane fekk utbetalt lån som kunne bli gjort om til utdanningsstipend basert på beståtte studiepoeng.
  • I 2005 blei det opna for digital signering av gjeldsbrev.
  • Frå 2006 har kundane i Lånekassen kunna lese vedtak og informasjonsbrev i ein sikker digital postkasse på Dine sider på lanekassen.no.
  • Frå 2009 måtte alle som søkte om stipend og lån, gjere det digitalt.
  • Frå 2013 har kundane kunna signere avtalar om støtte digitalt med BankID på Dine sider. 
  • I perioden 2004–2015 gjennomførte Lånekassen fornyingsprogrammet LØFT, der utskifting av IKT-løysinga var det mest omfattande prosjektet. Mål for fornyinga var betre og meir målretta informasjon til kundar og samarbeidspartnarar, auka sjølvbetening og automatisering, og auka effektivisering. Effektane blei kortare behandlingstid, meir automatisert saksbehandling, auka datafangst, nye arbeidsmåtar og system, og digitalisering av kundedialogen.
  • Kundane i Lånekassen er i dag så godt som heildigitale: Elevar og studentar søkjer om støtte digitalt og får vedtaket om støtte i postkassen på Dine sider. Så og seie alle studentane signerer avtalen om støtte digitalt. Også tilbakebetalarane utfører dei fleste oppgåver sjølv på Dine sider, og heile 95 prosent av dei ønskjer å betale studielånet med avtalegiro eller e-faktura. Talet på telefonsamtalar er vesentleg redusert.
  • Sjå film om Lånekassen.

 Nøkkeltall i 2018

  • Lånekassen hadde ved årsskiftet (31.12.2018) 1 110 500 aktive kundar. 440 338 elevar, studentar og lærlingar søkte om støtte for undervisningsåret 2017–2018.
  • Det kom inn 860 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån i 2018.
  • Den delen av søknadane som blir heilmaskinelt behandla, det vil seie utan at dei blir sett på av ein saksbehandlar, fortset å auke. I 2018 blei 73 prosent av søknadane om støtte og 88 prosent av søknadane om betalingsutsetjing heilmaskinelt behandla, mot 71 prosent og 83 prosent året før.
  • Lånekassen delte ut 30,1 milliardar kroner i stipend og lån i 2017–2018, og av dette var 10,6 milliardar kroner stipend.
  • Utlånsporteføljen veks som følgje av auka tal låntakarar og auka gjennomsnittleg lånebeløp. Utlånsporteføljen utgjer i alt 183,9 milliardar kroner.
  • Talet på studentar som signerte avtalen om støtte digitalt, var i 2018 på 99 prosent, mot 96 prosent året før. Delen foreldresigneringar for elevar under 18 år var 82 prosent i 2018, mot 75 prosent i 2017.
  • Stadig fleire betaler studielånet sitt digitalt. Ved årets siste forfall i 2018 (desemberforfallet) var det under 8 prosent som fekk faktura per post, mot 9 prosent i 2017.
  • Vi hadde 337 500 samtalar frå kundar på telefon i 2018. Dette er 2 prosent fleire enn i 2017, som var eit år med færre samtalar enn på mange år.
  • Svært mykje av kundane sitt informasjonsbehov blir dekt av Lånekassen sine nettenester. Lanekassen.no hadde 8,3 millionar besøk i 2018, og det var 3,4 millionar innloggingar til sjølvbeteningssidene Dine sider. Dette er omtrent som i 2017.

Aktuelt i 2018

  • Lånekassen har i 2018 behandla fleire søknader og tildelt meir stipend og lån enn nokon gong før, og talet kundar er større enn nokon gang før. Det har vore mogleg å handtere auken fordi Lånekassen samtidig utviklar tenestene sine, slik at blant anna sjølvbetening og automatisering aukar.
  • For første gang har Lånekassen brukt kunstig intelligens for å plukke ut studentar til bukontroll. Resultatet er svært lovande, og gevinsten er at færre studentar må sende inn dokumentasjon, noko som gir betydeleg mindre saksbehandling enn ved tidlegare kontrollar.
  • Det ble i 2018 starta eit pilotsamarbeid med Sbanken for å utforske moglegheita til å vise saldo på studielånet i kundane sin nettbank. Piloten starta med ei mindre gruppe kundar, men blei seinare utvida, slik at alle Sbanken sine kundar som har studielån, no kan sjå dette lånet i nettbanken sin.
  • Lånekassen har kartlagt utdanningstrendar for å nærme seg eit bilete av korleis Lånekassens samfunnsoppdrag skal fyllast i framtida. Det er viktig at studiefinansieringa er tilpassa nye læringsformer og kompetansepåfyll heile livet. Kartlegginga er summert i rapporten «Fleksibilitet i høyere utdanning».
  • I 2018 ble data.lanekassen.no lansert, Lånekassen sine nye statistikksider på nett. Sidene tilgjengeleggjer i enda større grad enn tidlegare Lånekassen sine tal og innsikt for offentlegheita. 
  • Lånekassen har i 2018 hatt tre lærlingar i kontor- og administrasjonsfaget i eit samarbeid med Kompetanse Norge og Meteorologisk institutt. Ordninga er attraktiv og nyttig for lærlingar, fordi dei får unik kompetanse og innsikt i fleire statlege verksemder.