72 000 studentar har søkt om straumstipend hittil

Publisert: 08.02.2022
No kan studentar søke om 3 000 kroner i straumstipend frå Lånekassen. Hittil har 72 000 søkt, og Lånekassen har utbetalt 184 millionar kroner.

Fredag starta Lånekassen å sende e-post til studentar om at dei som bur borte, og som betaler straumutgifter dette semesteret, kan søke om straumstipend. Stipendet er ei eingongsutbetaling på 3 000 kroner. Stipendet kjem i tillegg til regjeringa si kompensasjonsordning for høge straumprisar, som alle norske hushaldningar får.

For studentar som bur borte, og for elevar med lån
– 220 000 studentar har fått e-post frå oss om at dei no kan søke om straumstipendet.
72 000 har søkt hittil, og vi har betalt ut 184 millionar kroner. Vi er opptatt av at det skal gå fort frå kundane søker om straumstipendet, til pengane er på konto. Pengane blir utbetalte i løpet av eit par dagar etter at avtalen er signert, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen. 

For å ha rett til stipendet må studentane vere over 18 år, bortebuarar, motta støtte frå Lånekassen våren 2022, og betale straumutgifter i den same perioden. Også nokre elevar i vidaregåande opplæring kan ha rett til straumstipendet, men berre dersom dei mottar lån frå Lånekassen.

Kor mykje straumrekninga har auka, betyr ingenting – alle som har rett til stipendet og søker om det, får 3 000 kroner. Også deltidsstudentar og studentar som eig eigen bustad, kan søke.

Søker på Dine sider på lanekassen.no
Alle som kan ha rett til straumstipend, får ein e-post frå Lånekassen. Når dei søker, skal dei krysse av for at dei betaler for straum. Ingen skal legge ved dokumentasjon når dei søker, men studentane må vere førebudde på å kunne dokumentere i etterkant.

Fristen for å søke er 15. juni 2022. 

Les meir om straumstipendet på lanekassen.no.