Aldri har så få bunde studielånsrenta

Publisert: 12.12.2022
Aldri har så få vald å binde renta på studielånet som i 2022. Rentene har auka gjennom året, og frå 1. januar 2023 stig fastrentene ytterlegare.

Året starta med rekordlåge fastrente, men har auka gjennom året. Frå 1. januar 2023 stig fastrentene i Lånekassen ytterlegare. Dei nye fastrentene, som gjeld frå 1. januar, vil vere:

  • 4,611 prosent for tre års bindingstid (opp 0,192 prosentpoeng)
  • 4,535 prosent for fem års bindingstid (opp 0,154 prosentpoeng)
  • 4,525 prosent for ti års bindingstid (opp 0,221 prosentpoeng)

Gjennomsnittet av fastrentene som gjeld frå 1. januar 2023, vil vere 4,557 prosent.

– Vi må tilbake til desember 2008 for å finne eit høgare gjennomsnitt for fastrentene, då var gjennomsnittet av dei tre rentene 4,867 prosent, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Flytande rente frå 1. januar er 2,979 prosent.

Rekordlåg interesse for fastrente

Studielånet er rentefritt så lenge ein får støtte til fulltidsutdanning, men så begynner rentene å løpe. Alle får automatisk flytande rente, men alle kan velje å søke om fastrente for tre, fem eller ti år annankvar månad. 754 800 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet, medan 20 700 har fastrente.

– Vi ser at få vel å binde renta. I 2022 har i underkant av 1 300 kundar vald å binde renta på studielånet sitt, dette er det lågaste talet nokon gong. Vi må tilbake til 2001, da 1 400 valde å binde, for å finne like laber interesse for å binde renta på studielånet. Det året låg treårsrenta på cirka 7,5 prosent, seier Bjerke.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. januar, kan gjere det i perioden 10.–17. desember.

Studielånsrentene er marknadsstyrte

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt frå, noko som gir Lånekassens renter.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene og fastsett rentesatsane i Lånekassen. For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.

Les meir om korleis rentene i Lånekassen blir fastsette og følg renteutviklinga her.