Endrar praksis for tilleggsstipend

Publisert 03.02.2021
Lånekassen endrar praksis for tildelinga av tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne slik at det ikkje blir avgrensa mot frivillig, ulønna arbeid.

For å ha rett til tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne må mottakaren vere i stand til å studere, men ikkje til å jobbe ved sidan av studiet fordi det i stor grad ville gå ut over studieprogresjonen. Ein lege eller spesialist må stadfeste det i søknaden.

Lånekassen har tolka dette regelverket slik at eventuelt ulønna arbeid ved sidan av berre må skje i avgrensa grad for å kunne få dette stipendet.

Ingen avgrensing av omfang

Lånekassens praksis har vore basert på at det er kapasiteten til å ha arbeid ved sidan av utdanninga som er avgjerande for å kunne få stipendet, og ikkje om arbeidet gir inntekt eller ikkje.

Kunnskapsdepartementet meiner det ikkje skal settast avgrensing for omfang av ulønna arbeid for mottakarar av tilleggsstipend for nedsett funksjonsevne. Departementet ønsker ei endring av praksis både for å få eit enklare regelverk, og for at ikkje regelverket utilsikta blir til hinder for at studentar med nedsett funksjonsevne kan bidra i frivillig arbeid.

I dialog om detaljar

Lånekassen ønsker å forvalte alle ordningar etter intensjonen, og har meint at vår fortolking tok vare på formålet om at tilleggsstipendet skulle vere knytt til arbeidsevne uansett om arbeidet ga inntekter eller ikkje. Vi er likevel glade for at Kunnskapsdepartementet no tydeleggjer at ulønna arbeid er heilt unntatt denne vurderinga.

Lånekassen er no i dialog med Kunnskapsdepartementet om detaljane som må avklarast i samband med ei slik praksisendring.