Færre enn forventa mista inntekt grunna korona

Publisert: 30.06.2022
Rundt halvparten av studentane og elevane som søkte og fekk tilleggslån korona våren 2021, har dokumentert at dei hadde rett på lånet.

Tilleggslånet på 26 000 kroner var eitt av fleire korona-tiltak i 2020 og 2021. Tilleggslånet var retta mot studentar og elevar over 18 år som opplevde tapt arbeidsinntekt på grunn av koronapandemien, og gjekk ut som eit tilbod både våren 2020 og våren 2021.

– Denne moglegheita for tilleggslån var eit tiltak for å auke likviditeten til studentar og elevar som mista heile eller delar av arbeidsinntekta si på grunn av pandemien. Dei rådande omstenda kravde ei ordning og innretning som gjorde at pengane kunne utbetalast kjapt til dei som trong det, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen.

Dei som søkte om tilleggslån korona, måtte ved ei eigenerklæring stadfeste nedgang i inntekt på grunn av pandemien. Dei fekk samtidig beskjed om at dei seinare måtte kunne dokumentere dette for å få gjort om delar av lånet til stipend (8000 kr i 2020 og 10 400 kr i 2021). Lånekassen har gjennomført kontroll av alle som fekk tilleggslånet i 2020 og 2021.

– Mindre dramatisk negativ effekt enn forventa
Om lag 240 000 studentar og elevar fekk melding om at dei kunne søke på tilleggslån våren 2020 dersom dei hadde hatt nedgang i inntekt på grunn av pandemien. Tilsvarande tal for 2021 var 250 000. Våren 2020 søkte til saman 49 500 studentar og elevar om lånet og fekk det, og dette utgjorde om lag 20 prosent av dei som fekk tilbod om å søke. Våren 2021 søkte til saman 41 700 studentar og elevar om lånet og fekk det, og dette utgjorde 17 prosent av dei som fekk tilbod om å søke.

I kontrollen Lånekassen gjennomførte for våren 2020, var det 27 500 kundar – 55 prosent av dei som hadde fått lånet – som dokumenterte nedgang i arbeidsinntekt pga. pandemien.

Av dei som fekk tilleggslånet våren 2021, har 17 800 – 43 prosent – i ettertid dokumentert at dei hadde nedgang i inntekt.

– Dette indikerer at den negative effekten på elevar og studentar sin moglegheit til å jobbe ved sidan av utdanninga under pandemien, blei vesentleg mindre dramatisk enn både Lånekassen og elevane og studentane sjølv frykta. Samtidig har ordninga dekt eit reelt behov for å erstatte eit bortfall i inntekt for 17 800 studentar og elevar, eller til saman 37 000 om vi ser begge åra under eitt, seier Rosenkvist.

Har fått omgjering til stipend
Tilleggslånet var på 26 000 kroner for studentar, både våren 2020 og våren 2021. Dei som har dokumentert nedgang i inntekt, har fått gjort om høvesvis 8 000 kroner og 10 400 kroner til stipend.

Dei som har fått tilleggslån, men ikkje dokumentert nedgang i inntekt, vil ikkje få omgjering. Tilleggslånet blir lagt til studiegjelda, som skal betalast tilbake etter fullført utdanning.

Les meir om tilleggslån for studentar og elevar med tapt arbeidsinntekt på grunn av korona.