Fastrentene i Lånekassen går ned

Publisert: 10.02.2023
Fastrentene i Lånekassen går betydeleg ned frå 1. mars. I gjennomsnitt går rentene ned med over eit halvt prosentpoeng.

Fastrentene som gjeld frå 1. mars, vil vere:

  • 4,054 prosent for tre års bindingstid (ned 0,557 prosentpoeng)
  • 3,928 prosent for fem års bindingstid (ned 0,607 prosentpoeng)
  • 3,928 prosent for ti års bindingstid (ned 0,597 prosentpoeng)

Flytande rente frå 1. mars er 3,338 prosent.

Studielånsrentene er marknadsstyrte

Både flytande rente og fastrentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir fastsette med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir 0,15 prosentpoeng trekt, som gir rentene i Lånekassen. For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med opphald i to månader før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med opphald i éin månad før renta trer i kraft. Lånekassens fastrenter frå 1. mars er basert på dei billigaste bustadlåna med fastrente i desember.

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene og fastset rentesatsane i Lånekassen.

Låg interesse for å binde renta

Studielånet er rentefritt så lenge ein får støtte til fulltidsutdanning, men så begynner rentene å løpe. Alle får automatisk flytande rente frå starten av, men kan velje å søke om fastrente for tre, fem eller ti år annankvar månad.

749 500 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet, medan 20 000 har fastrente.

– Vi såg gjennom heile fjoråret at få kundar valde å binde renta. I desember, som var sist gong kundane kunne binde renta, var det berre 52 kundar som gjorde dette. Antalet har aldri tidlegare vore så lågt. Samla antal kundar som har fastrenteavtale per i dag, er også lågare enn nokosinne, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Kundar som ønsker å binde renta frå 1. mars, kan gjere det i perioden 10.–17. februar.

Les meir om korleis rentene i Lånekassen blir fastsette og følg renteutviklinga her.

 

Mobiltelefon