Fastrentene i Lånekassen går opp

Publisert: 10.02.2022
Frå 1. mars går fastrentene med bindingstid på tre og fem år opp. Renta med 10 års binding held seg uendra.

Fastrentene som gjeld frå 1. mars 2022 er: 

  • 2,403 prosent for 3 års binding (opp frå 2,257 prosent) 
  • 2,589 prosent for 5 års binding (opp frå 2,501 prosent) 
  • 2,667 prosent for ti års binding (uendra) 

Flytande rente som gjeld frå 1. mars er 1,490 prosent.  

Rentene blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå denne gjennomsnittsrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassen sine renter. 

716 900 av Lånekassen sine tilbakebetalarar har flytande rente, medan 29 400 har fast rente i Lånekassen. 

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.