Fastrentene i Lånekassen stiger

Publisert: 10.12.2021
Frå 1. januar går fastrentene i Lånekassen opp. Dei tre rentene aukar i gjennomsnitt med 0,28 prosentpoeng frå dagens nivå.

Fastrentene som gjeld frå 1. januar 2022 er:

  • 2,257 prosent for 3 års binding (opp frå 1,952 prosent)
  • 2,501 prosent for 5 års binding (opp frå 2,217 prosent)
  • 2,667 prosent for ti års bindingstid (opp frå 2,413 prosent)

Flytande rente som gjeld frå 1. januar er 1,322 prosent.

Rentene blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå denne gjennomsnittsrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassen sine renter.

721 300 av Lånekassen sine tilbakebetalarar har flytande rente, medan 30 400 har fast rente i Lånekassen.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.