Fastrentene i Lånekassen stig

Publisert: 10.06.2022
1. juli stig fastrentene i Lånekassen. Det er elleve år sidan fastrentene var høgare.

Fastrentene som gjeld frå 1. juli vil vere:

  • 3,435 prosent for 3 års fastrente (stig med 0,661 prosentpoeng)
  • 3,581 prosent for 5 års fastrente (stig med 0,680 prosentpoeng)
  • 3,687 prosent for 10 års fastrente (stig med 0,669 prosentpoeng)

Ved førre fastrentevindauge, i februar, var gjennomsnittet av dei tre fastrentene 2,55 prosent. Denne gongen er snittet 3,57 prosent. Alle dei tre fastrentene går opp med omtrent like mykje, rundt 0,7 prosentpoeng.

Flytande rente frå 1. juli er 1,815 prosent.

Alle fastrentene på 3-talet

Tre og fem års fastrente når sitt høgaste nivå på elleve år, sidan september 2011. Førre gong ti års fastrente var høgare, var i juli 2014.

– Etter ein lang periode med låge fastrenter, beveger no alle fastrentene seg opp på 3-talet. Dette er ei markant endring, som kjem i kjølvatnet av at bustadmarknadsrentene har auka mykje, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og blir fastsett med utgangspunkt i gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå dette snittet blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir rentene i Lånekassen. Studielånsrentene har eit etterslep samanlikna med marknadsrentene. Det betyr at rentene i Lånekassen går opp og ned seinare enn marknadsrentene.

Dei aller fleste har flytande rente på studielånet

740 900 av kundane i Lånekassen betaler no på studielånet sitt. 713 600 av dei har flytande rente på studielånet, medan 27 300 har fast rente.

Dei som ønsker å binde renta, kan gjere det i perioden 10.–17. juli.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.