Flytande rente blir ikkje endra
Publisert: 03.05.2021
Flytande rente på studielånet vil frå 1. juli vere 1,421 prosent.
Dette er den same satsen som gjeld frå 1. mai.
Fastrentane som gjeld frå 1. juli, blir fastsett i starten av juni.
679 000 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet, medan 45 400 har fast rente.
Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.