Flytande rente stig

Publisert: 04.03.2021
Flytande rente på studielånet vil frå 1. mai vere 1,421 prosent.

Dagens flytande rente er på 1,401 prosent, og gjeld ut april. Frå 1. mai går den opp med 0,020 prosentpoeng, til 1,421 prosent.

Nye fastrenter, som gjeld frå 1. mai, blir fastsett i starten av april.

682 800 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet, medan 45 200 har fast rente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.