Flytande studielånsrente stig

Publisert: 07.07.2022
Den flytande renta i Lånekassen vil frå 1. september vere på 1,972 prosent.

Flytande rente stig med 0,157 prosentpoeng frå 1. september 2022. Dagens flytande rente er 1,815 prosent.

– Flytande rente i Lånekassen har i lengre tid vore på godt under 2 prosent. I november i fjor var renta på rekordlåge 1,312, men den flytande renta har sidan økt gradvis og nærmar seg no 2 prosent, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

711 800 av Lånekassens tilbakebetalarar har per i dag flytande rente, medan 27 300 har fast rente på studielånet.

Fastrentene som gjeld frå 1. september blir offentleggjort rundt 10. august.

Les meir om korleis renta i Lånekassen vert fastsett og følg renteutviklingen her.