Forslag til statsbudsjett 2023 som påverkar kundar i Lånekassen

Publisert 06.10.2022
I dag la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2023. Her kan du lese om forslaga som er viktige for kundar i Lånekassen.

Forslaget skal behandlast i Stortinget, og blir eventuelt vedtatt i desember. Dersom budsjettet blir vedtatt, vil dei fleste endringane gjelde frå og med studieåret 2023-2024.

Elevar på yrkesfag kan få høgare utstyrsstipend

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke utgifter til nødvendig utstyr for elevar i vidaregåande opplæring. Kor mykje elevane får i utstyrsstipend, er avhengig av kva for utdanningsprogram dei tar.

Regjeringa foreslår å auke utstyrsstipendet for elevar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram, for å sikre at stipendet dekker dei faktiske utgiftene elevane har. Forslaget inneber å auke frå dagens fire satsar til fem. Nokre av utdanningsprogramma blir dermed flytta til ein høgare sats. Nokre av satsane for utstyrsstipend blir justert opp med 25 prosent.

Auka bortebuarstipend til elevar på vidaregåande

Elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring kan ha rett til bortebuarstipend dersom dei ikkje bur saman med foreldra. Geografi eller privatøkonomi skal ikkje hindre elevar i å ta den vidaregåande opplæringa dei vil. Regjeringa foreslår derfor å auke bortebuarstipendet.

Forslaget betyr at elevar som får bortebuarstipend, kan få 660 kr meir å rutte med i månaden. Stipendet aukar frå 4 979 kr per månad i dette studieåret til 5 639 kr per månad i studieåret 2023–2024.

Redusert stipenddel til dekning av skolepengar for studentar utanfor Norden

Studentar som tar utdanning i land utanfor Norden, har rett til lån og stipend som skal dekke skolepengar. Av dei første 72 729 kr dei betaler i skolepengar, blir ein del av støtta gitt som stipend og resten som lån.

Studentar som tar ei bachelorutdanning, eit lengre språkkurs eller fagskoleutdanning og elevar som tar yrkesfagleg vidaregåande opplæring, får 50 prosent som stipend.

Studentar som tar ei masterutdanning, ph.d.-utdanning eller utveksling som ein del av ei universitets- og høgskoleutdanning, får 70 prosent som stipend.

Regjeringa foreslår å redusere delen stipend til dekning av skolepengar til 40 prosent for alle elevar og studentar frå og med studieåret 2023–2024. Forslaget endrar ikkje kor mykje studentar og elevar får utbetalt i støtte til skolepengar, men fører til at dei får høgare gjeld etter avslutta utdanning.

Sletting av gjeld i tiltakssona for låntakarar i Finnmark og Nord-Troms

Låntakarar som har vore busett og yrkesaktive i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms i 12 månader (oppteningsperiode), kan i dag få sletta ti prosent av gjelda si årleg. Ein kan få sletta maksimalt 25 000 kr i året. Regjeringa foreslår å auke prosenten som kan bli sletta frå ti til 20 prosent, og at maksimumsbeløpet blir auka til 30 000 kroner.

Regjeringa foreslår også å vidareføre ordninga med å slette gjeld for kvalifiserte lærarar som arbeider i grunnskolen i tiltakssona. Ordninga inneber at ein kan få sletta eit ekstra beløp på inntil 20 000 kr av gjelda kvart år.

Satsane for lån og stipend blir justerte

Regjeringa foreslår at alle satsane for utdanningsstøtte i studieåret 2023–2024 blir justerte med 2,8 prosent.

På side 210-226 i dette dokumentet finn du alle forslaga i statsbudsjettet som handlar om Lånekassen (regjeringen.no).