Framleis låge fastrenter i Lånekassen

Publisert: 11.10.2021
Frå 1. november stig tre års fastrente på studielånet, medan fem- og tiårsrenta går noko ned.  

Satsane som gjeld frå 1. november er: 

  • 3 år: 1,952 prosent (endring: opp frå 1,933 prosent) 
  • 5 år: 2,217 prosent (endring: ned frå 2,257 prosent) 
  • 10 år: 2,413 prosent (endring: ned frå 2,550 prosent) 

Flytande rente frå 1. november er på rekordlåge 1,312 prosent. Ni av ti kundar i Lånekassen har flytande rente. 

Beveger seg seinare enn marknadsrentene 

Rentene blir fastsett på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste bustadlånsrentene. Frå denne gjennomsnittsrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.  

Det er Finanstilsynet som observerer utviklinga av bustadlånsrentene og fastset Lånekassens renter. For flytande rente er observasjonsperioden på to månader, med to månaders opphald før renta trer i kraft. For dei faste rentene er observasjonsperioden éin månad, med éin månads opphald før renta trer i kraft.  

– Det betyr at Lånekassens renter beveger seg noko seinare enn marknadsrentene. For dei faste rentene er tilfellet at dei ligg éin månad etter marknadsrentene, medan flytande rente ligg to månader etter. Dette gjeld både når rentene går opp og ned, seier Morten Rosenkvist, administrerande direktør i Lånekassen. 

Ni av ti har flytande rente 

I overkant av 700 000 av Lånekassen sine nærmare 1,2 millionar kundar er tilbakebetalarar. 656 300 av dei har flytande rente på studielånet, medan 44 600 kundar har fastrente. Ni av ti vel å behalde flytande rente på studielånet.  

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.