Frivillig ulønna arbeid eller verv er ikkje til hinder for tilleggsstipend frå Lånekassen

Publisert: 31.05.2021
Lånekassen har endra praksis, slik at du kan få tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne, sjølv om du har frivillig ulønna arbeid eller verv ved sidan av utdanninga.

Endringa gjeld også tilbake i tid. Det vil seie at dersom du tidlegare har fått avslag på stipend eller har latt vere å søke fordi du har hatt verv, kan du søke no.

For å ha rett til tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne må du vere i stand til å studere, men ikkje til å jobbe ved sidan av utdanninga, fordi det i stor grad ville gå ut over studieprogresjonen. Ein lege eller spesialist må bekrefte det i søknaden.

Praksisendring opnar for ulønna arbeid og verv

Praksis i Lånekassen har tidlegare vore slik at eventuelt ulønna arbeid eller verv ved sidan av utdanninga måtte vere svært avgrensa for at ein student skulle ha rett til dette stipendet. Kunnskapsdepartementet har slått fast at det ikkje skal vere avgrensingar i omfanget av frivillig, ulønna arbeid eller verv.

Praksisendringa blei i utgangspunktet gjort gjeldande frå og med våren 2021, men Lånekassen ønsker også å rette opp i saker for tidlegare semester.

Ta kontakt med Lånekassen dersom endringa gjeld for deg

Kundaer som meiner dei kan ha rett til stipendet i eitt eller fleire semester tilbake i tid, men ikkje har fått det fordi dei hadde frivillig, ulønna arbeid eller verv, kan ta kontakt med Lånekassen for å få saka si vurdert på nytt.

Kundar som har latt vere å søke om tilleggsstipend fordi dei hadde frivillig, ulønna arbeid eller verv, kan søke om stipendet no. Dei må fylle ut skjema X eller Y for det aktuelle studieåret, og få ein lege eller spesialist til å bekrefte opplysningane for den aktuelle perioden. Søknadsskjemaa for tidlegare år er ikkje tilgjengelege på lankassen.no. Kundar som kan ha rett til stipend for tidlegare år, må derfor ta kontakt med Lånekassen for å få tilsendt riktig søknadsskjema.

Her kan du lese meir om tilleggsstipendet ved nedsett funksjonsevne.