Krev berre lønnsslipp for unntak frå inntektsgrense

Publisert: 19.07.2021
Alle studentar som har hatt ekstra inntekt frå arbeid knytt til koronapandemien innanfor helse- og omsorgssektoren, politiet, Heimevernet og Sivilforsvaret, får behalde stipendet sitt. 

Dersom du har hatt arbeid knytt til koronapandemien innanfor helse- og omsorgssektoren, politiet eller vore beordra i Heimevernet eller Sivilforsvaret, kan du få gjort om lån til stipend, sjølv om du har tent meir enn inntektsgrensene i Lånekassen i 2020 og 2021.


Lånekassen har komme fram til at alt arbeid innanfor dei sektorane som er omfatta, må bli sett på som arbeid relatert til koronapandemien. Det vil derfor ikkje bli kravd annan dokumentasjon enn at studenten sender inn lønnsslippar for arbeidsforholdet.


– Vi bad først om dokumentasjon på at arbeidet er relatert til koronapandemien, med ei vid fortolking av kva slikt arbeid omfattar. Lånekassen går no bort frå dette kravet og vil berre be om lønnsslippar, opplyser kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke. 


Lånekassen vil informere studentane på e-post og gi rettleiing på lanekassen.no. 


Intensjonen frå Lånekassen har heile tida vore å sikre at ingen studentar som har bidratt i helse- og omsorgssektoren, politiet, Heimevernet og Sivilforsvaret, mister eller får redusert stipendet sitt som følgje av arbeid knytt til koronapandemien. 


Det har vore utfordrande å konkretisere kva som kan bli rekna som koronarelatert arbeid.  


– Vi har falle ned på at alt arbeid i dei sektorane unntaket gjeld for, må bli sett på som arbeid relatert til pandemien. Vi håper dette vil medverke til å skape tryggleik for alle som har bidratt, og gjere det enklare for studentane, seier Bjerke.