Lånekassens kunder kan fortsatt utsette betalingen

Publisert: 31.01.2022
Den mellombelse ordninga med ekstra betalingsutsettingar for alle som betaler ned studielån, blir utvida ut 2022. Éin av tre har valt å utsette Lånekasse-rekninga éin eller fleire gonger sidan koronapandemien braut ut.

Alle som betaler på studielånet, kan i utgangspunktet utsette rekninga 36 gonger (som tilsvarer tre år). Som eitt av fleire koronatiltak for Lånekassens kundar, har tilbakebetalarane sidan 1. mars 2020 kunna utsette betalinga utan å bruke av denne kvota. No har Stortinget vedtatt at ordninga skal vidareførast ut året. Ordninga med unntak frå inntektsgrenser for studentar som jobbar i helse- og omsorgssektoren, blir også vidareført ut 2022. Ordninga er utvida, og gjeld no også barnehage- og skolesektoren.

Lengre nedbetalingstid dersom du utset
– Ekstra betalingsutsetting har vore eit tiltak for å gi litt økonomisk handlingsrom, som mange av kundane våre nyttar seg av. Samtidig er det viktig å være oppmerksam på at du må betale meir i renter totalt om du utset betalinga enn om du ikkje gjer det, seier Morten Rosenkvist, administrerende direktør i Lånekassen.

Når ein utset betalinga, blir nedbetalingstida forlenga like lenge som ein har utsett. Ein må betale meir renter totalt og terminbeløpet for dei resterande terminane blir litt høgare. Kundane kan endre nedbetalingsplanen eller betale ekstra seinare slik at dei hentar inn dei ekstra renteutgiftene, om dei ønsker det.

Færre utsette betalinga i fjor enn i 2020
Rekordmange av Lånekassens kundar har søkt om å utsette betalinga etter at koronapandemien braut ut. Mens det var 126 000 kundar som utsette éin eller fleire gonger i 2019, auka dette til 191 000 i 2020, og gjekk ned til 173 000 i 2021.

Rundt 750 000 kundar betaler i dag ned på studielånet sitt. Éin av tre av tilbakebetalarane har valt å utsette betalinga sidan pandemien braut ut. I gjennomsnitt valte dei som utsette betalinga i 2021, å utsette sju terminar (sju månader). 24 500 kundar har utsett alle terminar sidan mars 2020 fram til nyttår, som tilsvarer kvar tiande som har utsett sidan koronautbrottet.

Les om betalingsutsettingar på lanekassen.no
Les meir om koronatiltak for Lånekassens kundar på lanekassen.no