Må dokumentere for å få omgjort tilleggslån til stipend

Publisert 25.01.2021
Søkte du om tilleggslån fordi du hadde nedgang i inntekt våren 2020? No kan du få gjort om noko av lånet til stipend, men først må du sende inn dokumentasjon.

Studentar og elevar kunne i mai 2020 søke om eit tilleggslån frå Lånekassen dersom koronapandemien førte til nedgang i inntekt mellom 1. mars og 15. juni. 

For studentar var tilleggslånet på 26 000 kroner, og for elevar var det 13 000 kroner. Av desse kunne 8000 kroner bli gjort om til stipend. No må alle som hadde ein nedgang i inntekt dokumentere denne nedgangen. Sjølve omgjeringa til stipend blir gjort i løpet av våren.

Send inn svar på Dine sider

I januar og februar får alle som fekk tilleggslånet, ein e-post frå Lånekassen med melding om å logge inn på Dine sider.

På Dine sider får du rettleiing om kva type dokumentasjon du skal sende inn dersom du hadde nedgang i inntekt på grunn av koronasituasjonen. 

Send inn svar også om du ikkje hadde nedgang i inntekt

Dersom du likevel ikkje hadde ein nedgang i inntekt, er det også viktig at du svarer. Då behøver du ikkje å sende inn dokumentasjon. Du får ikkje noko av lånet gjort om til stipend, og tilleggslånet vil bli ein del av studielånet du etter kvart skal betale tilbake. 

Send inn dokumentasjon

Hugs at du må sende inn dokumentasjon innan 10. mars 2021 for å få 8000 av tilleggslånet omgjort til stipend.